Bruker:Eva Almhjell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Eva Almhjell. Foto: Privat

Eva Almhjell er fødd i1945 i Hovet i Hallingdal. Ho er utdanna sosiolog ved Universitetet i Oslo, med tysk og historie i fagkrinsen. I 1973 var ho med i arbeidet med få etablert eit særemne i kvinnehistorie ved Institutt for historie. På nasjonalt nivå har det vore ei rivande fagleg utvikling for kvinnehistorie, men på lokalt nivå står det mykje att å ynskje for å få fram kvinners liv og virke i bygdene. Deira historie er viktig for å forstå den økonomiske, sosiale og kulturelle breidda i bygdehistoria, og gjera denne til ei historie som femner heile lokalsamfunnet, kvinner og menn, dei småe like så vel som dei store. Lokalhistoria skal vera ein stad også kvinner kan kjenne seg att, og få auka kunnskap og innsikt i kva kvinner har bidratt med i samfunnsutviklinga. Det er Eva Almhjell sitt motiv for å skrive lokal kvinnehistorie. I åra 2012-2019 var Eva Almhjell leiar i Olav Sletto-selskapet. Olav Sletto (1886-1963) var ein forfattar frå Hol i Hallingdal. Almhjell retta merksemda mot kvinnene i Slettos liv og forfattarskap. I 2015 ga ho og professor Jørn Øyrehagen Sunde ut boka "Anne Sletto" om mor til Olav Sletto. Ho er av Ål kommune oppnemnt til Nesch-utvalet for valperioden 2019-2023. Rolf Nesch var ein tysk kunstnar som sette seg ned i Ål i åra 1951-1972. Eva Almhjell bur i Vestfold.