Bruker:Frode

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Eg er bygdebokforfattar og frilanse historikar, for tida knytta til prosjektet "Kultursoge for Hå", som Universitetet i Stavanger har ansvar for. Tidlegare har eg skrive bygdebøker for Fjell kommune, Karmøy kommune, Åsane (no del av Bergen) og Sund kommune. Elles har eg vore tilknytta Norsk lokalhistorisk institutt i fleire periodar, mellom anna for å laga bibliografiar. Hovudfaget mitt i historie er frå Universitetet i Oslo med ei oppgave om undergangen til dei norrøne bygdene på Grønland. Eg starta som vikingtids- og mellomalderhistorikar, med dei seinare åra har eg arbeidd mykje med perioden 1600-1900. Heimtraktene mine er Strilelandet, nærare bestemt Eikangervåg i Lindås kommune, Hordaland.