Bruker:Svein efteland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Namnet mitt er Svein Efteland og eg bur i Klepp kommune. Eg er fødd i Eigersund i 1937, og budde der eit års tid før familien flytte til Mellemstrand i Time. Dette var på heimegarden til mor mi, Sigborg Mellemstrand (f. 1909). Morfar min, Ola, var då død for nokre år sidan. Mormor mi, Serina, levde ennå og like til ho vart 103 år gammal. Morbror min, Olav, dreiv då garden etter faren sin. Far min heiter Selmer Efteland (f. 1898), fødd og oppvaksen på Helleland, men budde i Bjerkreim i ungdommen, der han lenge arbeidde på Vikeså meieri. Eg har fire sysken, Sigurd (f. 1938), Olaug (f. 1940), Bjarne (f. 1949) og Reidar (f. 1951). Me har budd fleire stader då me ungar var små. Utanom Mellemstrand to plasser på Voll i Klepp, så eit par år på Gruda, før med flytte til hus på Vasshus (også i Klepp)i 1943, til far kjøpte eit "småbruk" på Tjøtta (same kommunen) i 1957. Utanom framhaldsskule har eg 2-årig realskule og 1-årig handelskule. Eg byrja på Klepp handelslag som krambu- og lagergutt i 1955, og har hatt same arbeidsplassen til eg gjekk av som pensjonist. Eg har hatt avsvar for frukt- og grøntsektoren, brødvarer og melkeavdelinga i tida eg var på arbeidsplassen min. Etter den tid har eg arbeidd litt laust på det som nå er Mega Klepp, som dei siste åra har vore etablert i butikksenteret Jærhagen. Eg var gift og me fekk to døtre. Eg har to barnebarn på 22 og 16 år. Mine interesser er mange. Heilt frå eg var ein gutunde har alt som lever og gror ute i naturen vore er ganske omfattande interesse, der serleg dyre- og fuglelivet har oppteke meg mest. Etter å ha kome med i Norsk ornitologisk forening har det vorte mange verv der, reiser i innland og i mange utland opp gjennom åra. Hugen til historie har i dei seinare år blussa meir og meir opp, serleg lokalhistorie for Rogaland, etter kvart for Jæren og mest for Klepp. Etter å ha kome inn i Klepp historielag har det "balla" på seg, som styremedlem, kasserar og i redaksjonskomiteen for Årsskriftet vårt. Arbeidet med artiklar på denne boka har gitt meg mykje kunnskapar, med prat med dei eldste i kommunen, med søk i ulik litteratur, med treff på Statsarkivet osv. Dette er ein framifrå måte å nytta pensjonstida si, til inspirasjon og god utfylling av fritida mi. Eg er også med i frivillig arbeid i kommunen, då serleg i Frivillighetssentralen, som fyglje til sjukehus, augelege, tannlege osv. Det gir også gleda av å kunne hjelpa andre, og sjå at dei set pris på å ha meg med til det som trengst.