Trygve Brandal (f. 1953) bur på Hjelmeland. Han er utdanna historikar og har drive mykje med lokalhistorisk forsking og museumsarbeid. I åra 1984-1997 var han tilsett som bygdebokforfattar i Hjelmeland, tidvis på deltid. Det resulterte i tre bind gards- og slektshistorie for Hjelmeland og Fister (Hjelmeland. Gardar og folk bind 1-3, utg. 1989 og 1990) og to bind med allmenn bygdehistorie for Hjelmeland kommune frå dei eldste tider til 1990 (Hjelmeland bygdesoge bind 1-2, utg. 1994 og 1997) Etter den tid var han bygdebokforfattar for Forsand kommune, og det kom ut to bind allmenn bygdehistorie for Forsand (Fjordafolk. Kultursoge for Forsand 1800-2000, bind 1-2, utg. 2002). Frå 2005 til 2019 arbeidde Brandal som førstekonservator ved Ryfylkemuseet.