Midtre Fjærland krins
Hopp til navigering
Hopp til søk
Midtre Fjærland krins (også omtala som Hamrum krins) var ein skulekrins for grendene i midtre del av Fjærland, på begge sidene av fjorden, i Sogndal kommune i Sogn. Tidlegare var denne krinsen, og heile Fjærland, ein del av Balestrand kommune. Frå 1953 vart namnet på krinsen endra til Mundal krins. Frå 1741 hadde Fjærland vore delt i tre krinsar. Istarten vart desse kalla: 1) Hamarsnes-Mundal (midtre), 2) Øyjordi-Stølen (indre) og 3)Berge-Rommøren (ytre).
Skulehus
Hamrum skule
I 1877 fekk Midtre Fjærland krins skulehus på Hamrum (Homrane).
Mundal skule
Skuledagen
Skulevegen
Lærarar
- Frå 1741: Rasmus Olson Bøyum, lærar for alle tre krinsane i Fjærland.
- Frå 1803: Nils Nilsson Henjum, lærar for alle tre krinsane i Fjærland.
- Frå 1821: Hans Olson Flesje, lærar for alle tre krinsane i Fjærland. Vart lærar i Indre Tjugum frå 1838.
- Frå 1838: Eirik Olson Flesje, bror til Hans Olson Flesje, lærar for alle tre krinsane i Fjærland.
- Frå 1849: Ingebrikt Mundal, fram til 1860 var han lærar for alle tre krinsane i Fjærland. Etter 1860 vart han lærar for Indre Fjærland krins (Bøyum-Stølen) og Midtre Fjærland krins (Distad-Bjåstad). Ytre Fjærland krins delte etter dette lærar med Eitorn krins.
- Frå 1896: J. Aarskog
Foto
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
- Laberg, Jon (1934) Balestrand - bygd og ætter, s184-199.