Ullensvang kommune
Ullensvang herad | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 1231 |
Fylke | Hordaland |
Kommunesenter | Kinsarvik |
Areal | 0 km² |
Areal land | 0 km² |
Areal vann | 0 km² |
Folketall | (2018) |
Grunnlagt | 1838 |
Sammenslåing(er) | 1964: Kinsarvik, Åsgrenda i Kvam og Eidfjord innlemma |
Fradeling(er) | 1977: Eidfjord utskild |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Ullensvang heradshus i Kinsarvik Foto: Jan-Tore Egge
|
Ullensvang herad eller Ullensvang kommune ligg i Hardanger i Hordaland fylke og grensar til Granvin og Ulvik i nord, Eidfjord og Vinje i aust, Odda i sør, Kvinnherad og Jondal i vest og Kvam i nordvest. Kommunen nyttar sjølv framleis nemninga herad.
I 1964 vart gamle Ullensvang, Kinsarvik med unntak av Kvanndal, Åsgrenda i Kvam kommune og Eidfjord samanslegne til ein ny storkommune. I 1977 vart Eidfjord utskild som eigen kommune. I samband med Solberg-regjeringa si kommunereform vedtok Ullensvang, Odda og Jondal å slå seg saman under namnet Ullensvang.
Ullensvang er den viktigaste fruktdyrkingskommunen i landet. Over halvparten av jordbrukslandet nyttast til frukt- og bærdyrking. Turisme er óg ein viktig næringsveg.
Kommunen har to tettstader, administrasjonssenteret Kinsarvik og Lofthus. Begge ligg på austsida av Sørfjorden og har litt over innbyggjarar kvar (2016).
Kjelder og litteratur
- «Ullensvang» i Store norske leksikon
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2016.
- Hnytt.no: «Slår seg sammen med Ullensvang og Odda» (publisert 6. oktober 2016).
|