Bjørk (Jostedalen)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bjørk (Luster, gnr. 195) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg på austsida av Jostedøla som den sørlegaste i Krekagrendi. Han grensar i sør mot Bruheim og i nord mot Vamberg.
Bjørk låg sentralt i den nedlagde Kreken skulekrins, og her vart det fyrste skulehuset i krinsen bygt i 1885. Her vart òg ungdomshuset Dølaheimen sett opp i 1920-åra. Seinare er Jostedal skule (1968), Jostedal barnehage og Jostedal samfunnshus med symjehall, fotballbane og lysløype bygd på Bjørk.
Litteratur
- Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 686-716. (Digital utgåve, NBdigital)