Christopher Morgenstierne
Hopp til navigering
Hopp til søk
Christopher Morgenstierne (Giertsen) (fødd i Bergen 3. januar 1619, død 12. november 1679 i Luster) var fut i Indre Sogn.
Då han vart utnemnd til fut i Indre Sogn i 1640-åra, flytte han til den gamle futegarden Rutlin i Sogndal. Den 2. april 1653 kjøpte han så ein del av garden Flahammar i Luster. På same tida gifte han seg med Bertha (Berete) Andersdotter, opphavleg frå Fur i Luster.
Ho døydde alt kring 1655, og kring 1657 gifte Morgenstierne seg opp att med bispedottera Birgitte Munthe.
Morgenstierne fekk hand om mykje gods i Sogn, mellom anna mykje av godset etter Apostelkykrkja.
Han fekk ein son med Bertha Andersdotter:
- Peder Hjermann
Med Birgitte Munthe fekk han ni born, mellom anna:
- Wilken Christopherson (f. kring 1654)
- Ludvig Munthe (1657-1708)
- Otto Munthe (f. kring 1659)
- Bertha Munthe (1662-1696)
- Elisabeth Munthe (f. kring 1666)
- Ingeborg Munthe (1668-1743)
- Gjert (Gerhard) Munthe (1671-1729)
Kjelder
- Øyane, Lars E. (1987). Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 44-52.
- «Christopher Giertsen Morgenstierne», The Family of Alf Inge Fagerheim
- «Christopher Giertsen», Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane
- «von Munthe af Morgenstierne», Store Norske Leksikon