Lærdalsøyri
Lærdalsøyri er ein tettstad og administrasjonssenter i Lærdal kommune i Sogn og Fjordane. Staden ligg ved botnen av Lærdalsfjorden, der Lærdalselva renn ut i fjorden. Han var opphavleg ein marknadsplass for handel mellom fjellbygdene på Austlandet og sjøbygdene på Vestlandet. Det er omkring 1150 innbyggjarar i tettstaden (2012).
Eit bygningsmiljø frå 1700- og 1800-talet er bevart i tettstaden. Heile 161 bygningar ligg i verneområdet Gamle Lærdalsøyri, og to av dei er freda.
Det var i 1830- og 1840-åra planer om å gje Lærdalsøyri status som ladestad, og i 1842 vedtok Regjeringa å gje slik status til Lærdalsøyri, Haugesund og Namsos. Dette vart avvist i Odelstinget, så ingen av dei tre stadene vart ladestader. Dei to sistnemnde stadene fekk status som ladestader noko seinare, men Lærdalsøyri fekk det aldri.
Turisme og handel er dei viktigaste næringsvegane i Lærdalsøyri. Ein finn også nokre mindre industriforetak. Lærdal er ein av kommunane som ligg innafor verdsarvområdet «Vestnorsk fjordlandskap».
Tidlegare var ferjetrafikken frå Lærdalsøyri til Kaupanger, Frønningen og Gudvangen viktig for kommunikasjonen i området, men etter at Lærdalstunnelen opna i 2000 er det ikkje lenger så mykje trafikk på desse strekningane.
I januar 2014 vart tettstaden ramma av ein katastrofal brann.
Galleri
- Motiv frå Gamle Lærdalsøyri.Foto: Stig Rune Pedersen (1993)
Kjelder
- Lærdalsøyri på Wikipedia på bokmål og riksmål
- Lærdalsøyri i Store norske leksikon
- Faktaark fra Kartverket finnes.
- Statistisk sentralbyrå: Tabell 1. Tettsteder. Folkemengde og areal, etter kommune. 1. januar 2012
- Lærdalsøyri som verneområde i Sogn og Fjordane fylkesleksikon (NRK)
Koordinater: 61.10004° N 7.47361° Ø