Johanna (jakt 1892)
«Johanna» av Indresæter er ei hardangerjakt som vart bygd i 1892 på verftet åt Gjermund T. Øvrevik ved Sålåsundet på Tustna. Jakta gikk i slofart på Lofoten og Finnmarka — med salt nordover og fisk salta rett i lasterommet sørover att. Skipper frå 1916 til 1937 var Hans T. Gimnes. Jakt «Johanna» vart selt til Erling og Haakon Taftø ved årsskiftet 1937/1938; skroget vart forlenga og ho vart avrigga og gjort om til motorfarty. I 1980 vart ho selt til Egil Torhus i Mosjøen. I 1992 vart ho kjøpt av Norway Yacht Charter i Oslo, og i dag er ho rigga som brigantin og bruka til turar på Oslofjorden.
1892–1937: hardangerjakta
Bygging, mål og kjenneteikn
«Johanna» vart bygd på verftet åt Gjermund T. Øvrevik for eiga rekning i 1892. Båtbyggjaren var Otte Nilsson Ottesen frå Sagvågen på Stord i Sunnhordland. Jakta er kravellbygd i furu.
Etter målebrevet (Kristiansund N., 14.01.1893) var «Johanna» seilskib takla som jagt. Ho vart bygd på Tusteren (Tustna) i 1892. Kjenningsmåla i engelsk fot var 77,5 (lengd), 21,5 (breidd) og 8,5 (djupn). Drektigheita var målt til 79,40 reg.t. brutto og 65,63 netto. Kjenningsbokstavane for «Johanna» var J.S.G.Q. (Seinare vart dei endra til L.I.I.S.)
Eigarskap
- Gjermund T. Øvrevik (1844–1920) var eigar frå «Johanna» vart bygd og fram til han døydde i 1920.
- Edvard G. Øvrevik (1880–1971) tok over «Johanna» ved skifte etter faren den 27. april 1921.
- Nicoline Øvrevik (1889–1970) tok over «Johanna» frå mannen sin ved skøyte datert 28. mai 1934. Ho selte båten den 31. desember 1937 til Erling og Haakon Taftø.
Mannskap og segling
1892–1915
1916–1937
Skipper i perioden 1916–1937 var Hans Toresen Gimnes (1877–1938), som kom flyttande til Dalan under Hals med familien sin da han vart hyra.
1938–1993: motorskipet
Da Erling og Haakon Taftø i Kjørsvikbugen/Hellandsjøen kjøpte «Johanna» den 31. desember 1937 som partsreiarar med ein halvpart kvar, bygde dei ho om til motorskip, og ho gikk i fraktfart i mange år. I 1954 vart «Johanna» forlengd med 15,5 engelske fot til noverande lengd på 93 fot / 28,3 meter.
I 1980 selte brødrene Taftø «Johanna» til Egil Torhus i Mosjøen.
1993– : brigantinen
Bildegalleri
- I seinare tid er «Johanna» ombygd og rigga som brigantin; går i turistfart på Oslofjorden. Vi ser Oslo rådhus i bakgrunnen.Foto: Olve Utne (1999).
- I seinare tid er «Johanna» ombygd og rigga som brigantin; går i turistfart på Oslofjorden. Detalj.Foto: Olve Utne (1999).
Kjelder
- «Johanna» i Skipsregisteret for Kristiansund