Fiskebåtregisteret ved Austefjord Museum

Fiskebåtregisteret til Austefjord Museum er utarbeidd av Magnar Høydal med god hjelp av andre i museumslaget. Registeret er under stadig vedlikehald og oppdatering og innheld alle fiskebåtar som er eller har vore registrert i Volda kommune og Dalsfjord etter kommunesamanslåinga. Opplysningane under kvar kolonnebokstav er spesifisert her.

Bilde av excelark med register

For kvar båt er det registrert:

  • Kolonne A, område innanfor kommunen:
A= Austefjorden
D= Dalsfjorden
F= Folkestad
Hj= Hjartåbygda
K= Kilsfjorden
L= Lid og Yksnøya
V= Volda
  • Kolonne B:
FNMF= opplysningar frå Fortegnelse over Merkepliktige Norske Fiskefarkoster
dato= dato innførte opplysningar om båtar som ikkje var i offisielle lister
  • Kolonne C: kjennemerke, der alle startar med M som står for Møre og Romsdal fylke, båtnummeret og så VA som står for Volda kommune. Døme MB «Frost» med kjenneteikn M-14-VA.
  • Kolonne D: namn på båten med forkortingane:
*= rekvirert av «Wehrmakt»
hf= havfiske
kf= kystfiske
fjf=fjordfiske
f= fiske utan nerare angivelse:
fa= fangst utan nærare angivelse
sfa= selfangst
bfa= botlenosefangst
hvaf= hvalfangst
isfa= ishavsfangst
trp (seinare berre t)= transport (sild og fisk)
atrp= agntransport:
lsj= losjifartøy
slp= slepefartøy
  • Kolonne E:
Utnamn dvs. namn på folkemunne
  • Kolonne F båttype med forkortingane:
D.= dampskip
M.= motorfarkost
S.= seilfarkost
å.= åpen båt
s.= spiss-stevnet/ spissgattet
k.=kutterbygget/ hekkbygget
bf.= brønnfartøy
j.= jakt
sk.= skonnert
l.= lekter
båt med antal årer (t.d. 6/å som er åpen båt med 6 årer, dvs. trerøring)
  • Kolonne G materialbruk:
T= tre, J= jern, P= plast, radiotelefoni er markert med *, ekkolodd med o
  • Kolonne H:
byggeår / ombygging
  • Kolonne I:
lengde, breidde og djupne i fot, kursiv er eglelsk fot (frå 1978 er måla i meter, er både fot og meter opplyst står mål i meter etter m: frå 1986 er djupne sjeldan med)
  • Kolonne J og K:
brutto og netto registertonn
  • Kolonne L, M og N:
namn, byggeår og hestekrefter for motoren
  • Kolonne O:
tal Fiske og fangstbåtar
  • Kolonne P og Q:
registrering i Fiskeriregisteret, fyrste årstal oppført i lista og fyrste årstal ikkje i lista med raud skrift
  • Kolonne R:
registrert eigar
  • Kolonne S:
diverse opplysningar