Prestegardsvegen (Sauherad)

Sideversjon per 6. jun. 2021 kl. 12:36 av Rool (samtale | bidrag)

Prestegardsvegen på Sauar i Midt-Telemark kommune går nordvestover frå Sauheradvegen og ender ved garden Roligheta (gnr. 149/8).

Prestegardsvegen med prestegarden og Sauherad kyrkje.
Foto: Roy Olsen (2019).

Vegen er snaut ein km lang og fekk namn etter Prestegarden i 2009. Før det het vegen Kirkevegen, eit namn han fekk i 1999 etter Sauherad kyrkje som ligg attmed vegen.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune: Utvalg for næring, plan og teknikk, 23. februar 2009.
  • Arbeidsliste veg Bø-Sauherad: 377639_1_A.pdf


Koordinater: 59.42156° N 9.28411° Ø