Hadeland og Valdres fogderi
Hadeland og Valdres fogderi var eit futedømme som inntil 1764 omfatta både Valdres og heile Vest-Oppland (Hadeland, Land og Toten med Vardal og Biri). Strengt tatt var «Hadeland og Valdres» namnet som vart nytta til 1685, deretter vart namnet «Hadeland, Toten og Valdres».
Ved delinga i 1764 vart
- Toten futedømme tillagt tinglaga Toten, Vardal, Gran og Jevnaker, dvs. Hadeland og Toten med Vardal, og
- Valdres futedømme tinglaga Biri, Land, Aurdal, Slidre og Vang, dvs. heile Valdres, Land og Biri.
Dei einskilde bygdene som inngjekk i futedømma, får ein oversyn over i den generelle artikkelen om futedømma.