Per Berg (1886–1974)
Per Berg (fødd 4. november 1886 på Steinbakken, ein tidlegare plass under Systugu Stavem i Lesja, død 1974) var lærar og underoffiser. Per Berg var fyrst lærar ved framhaldsskulen i Vågå til 1922, flytte så til Hamar der han var lærar ved Hamar folkeskule og dei siste yrkesakive åra overlærar ved Midtbyen skole.
Berg vaks opp på Lesja som son av O. H. Berg, som òg var lærar, og Kari f. Bjorli. Berg tok eksamen ved Ingeniørvåpenets underoffisersskole i 1909 og lærerskoleeksamen på Elverum i 1914. I vaksen alder, i 1922, tok han artium ve reallinja. Berg vart gift med Sigrid Gaalaas frå Furnes utafor Hamar.
Per Berg samla mykje tilfang til Bygdebok for Lesja og skreiv slektshistoriske artiklar m.a. i Årbok for Gudbrandsdalen (Dølaringen) og Norsk Slektshistorisk Tidsskrift.
Kjelder og litteratur
- Bygdebok for Lesja
- Dølaringen Boklag
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Stavanger 1934.
- Kjelland, Arnfinn 1992: Bygdebok for Lesja bd. 2. Gards- og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn s. 165.