Frithjof Stoud Platou
Mal:Thumb høyre Kon-Tiki-museet juli 2012.jpg
Han var utdanna ved Teknisk høgskole, Zürich i 1926. Han vart deretter arkitektassistent hos Lars Backer, Oslo 1927-28 og fullførde etter Backers død mellom anna Horngården på Egertorget, eitt av funksjonalismens pionerverk i Norge. I 1930 oppretta han eige arkitektfirma i Oslo, med Sverre Olsen, som seinare vart Steinkjers fremste arkitekt, som medarbeidar i eitt år. Firmaet vart etter kvart eitt av dei største arkitektkontor i landet.
I Molde tegna han Hotell Alexandra i Storgata 1, i 1950. Parkplanen omkring hotellet vart laga av Njål Bele i 1954. I Bodø har han tegna Fylkets Hus i Prinsens gate 100, i 1960.
I 1947 tegna han Skaidi skysstasjon og fjellstue på Finnmarksvidda saman med Ragnvald Mack, i 1962-64 Skogfoss krafstasjon i Sør-Varanger, og han har også tegna Vadsø gymnas.
Blant hans arbeid utanom gjenreisingsbyane kan særleg nemnast Kon-Tiki-museet, Kommunenes Hus og Rikstrygdeverket i Oslo.
Kilder og lenker
- Liste over gjenreisningsarkitekter fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur
- Norsk kunstnerleksikon. 1983-86
- biografi hos Store Norske Leksikon
- biografi hos Wikipedia
Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter. |