Aure kommune
Aure er ein av dei elleve kommunane på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg nordaust på Nordmøre og grensar til Smøla over Edøyfjorden i nord, til Hitra over Trondheimsleia i nordaust, til Hemne over land i aust, til Halsa og Tingvoll over Vinjefjorden i sør, og til Kristiansund over Talgsjøen i vest. Saman med Smøla utgjer kommunen distriktet Nordre Nordmøre.
Aure | |
---|---|
Fil:Aure komm 2006-.png | |
Basisdata | |
Kommunenummer | 1576 |
Fylke | Møre og Romsdal |
Kommunesenter | Aure |
Areal | 641.37 km² |
Areal land | 622.24 km² |
Areal vann | 19.13 km² |
Folketall | 3 593 (2018) |
Målform | Nøytral |
Nettside | Nettside |
Det har vore fleire justeringar av kommunegrensene. Fram til 1964 var kjerneområdet av det som i dag utgjer Aure tre kommunar — Tustna, Aure og Stemshaug. Stemshaug vart samanslegen med Aure i 1965, og samtidig vart vestsida av Ertvågsøya overført frå Tustna til Aure. Samtidig vart innersida av Ertvågsøya, som hittil hadde hørt til Valsøyfjord kommune, lagt til Aure. Engdal og Rodal sørom Vinjefjorden, som låg under Aure fram til 1974, vart overført til Halsa i 1975. Tustna vart samanslegen med Aure kommune den 1. januar 2006.
|