Volda kyrkje
Hopp til navigering
Hopp til søk
Volda kyrkje eller Voldskyrkja som ho blir kalla, er ei krosskyrkje i tettstaden Volda i Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1932 og bygd i stein og betong. Arkitekt var Arnstein Arneberg. Korveggen er utsmykka av kunstmålaren Hugo Lous Mohr. Kyrkja har 800 sitjeplassar. Det er kyrkjegard ved kyrkja.
I 1929 brann den trekyrkja som stod her før.
Den eldste kyrkja på Volda stod like ved tunet på Halkjelsvik, og det er sjølvsagt ein av grunnane til at Volda voks fram som eit bygdesentrum.
|