Garvikstrondi (veg i Seljord)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Garvikstrondi (veg) går frå vegen Mosasida ved Blånuten i Seljord kommune, langs sørsida av Seljordsvatnet til den går over i Garvikvegen ved kommunegrensa mot Midt-Telemark, heilt vest i vatnet der Bøelva startar. Eit 640 m langt stykkje av vegen går innom Midt-Telemark kommune ved Massekåsa sørvest for Ulveneset.
Vegen er om lag 11,9 km lang og har namn etter lokaliteten Garvikstrondi på Garvik, der ein og finn Garvikstrondi Camping.
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no