Henrik Nitter
Hopp til navigering
Hopp til søk
Henrik Nitter (fødd kring 1655 i Luster og død 8. november 1724 i Jostedalen) var prest i Jostedal prestegjeld 1703-1724. Han vart student i 1675 og cand.theol. i 1681. Då han vart utnemnd til sokneprest 3. februar 1703, hadde han tent som kapellan hjå forgjengaren Tøger Jensson i 17 år. Han var gift med Sophie Ottesdotter f. Ravn, dotter til den tidlegare soknepresten Otto Hansson Ravn.
Litteratur
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune.(digital utgåve, NBdigital)
- Prestar i Jostedalen ca 1300-1395 (Jostedal historielag)
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.