Andreas Cordsen
Andreas Cordsen (døypt 18. november 1778 i Stavanger, gravlagd 16. oktober 1817 i Stavanger) tok teologisk embetseksamen 30. april 1807 og var ei tid skipsprest i Kina.
Han heldt den fyrste gudstenesta si i Jostedalen 15. mars 1808 etter å ha vorte utnemnt til sokneprest i 1807. I kallsboka heiter det at han "syntes undertiden at lide af nogen sinds/aandsforvirring". Biskop Pavels har følgjande soge om Cordsen: "En dag var prediken tillyst, og almueil samlet. Da faldt det presten ind at han ikke vilde prædike, men lod klokkeren lese en prædiken fra kordøren. Det skede, og almuen fandt sig deri. Men da den gik ud av kirken, hadde Cordsen klædt sig av og svømmede om i et vand straks udenfor, for alles øine."[1]
Cordsen heldt avskilspreika si i Jostedalen 1. januar 1812 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Vikedal. Han fekk avskil frå embetet 4. mars 1816 og flytte til Stavanger der han døydde kort tid etter.
Litteratur
- Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
- Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 13), 177-200. (digital utgåve)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
Forgjengar: Johan Henrik Lind |
Prestar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Holger Halling Schjødt |
- ↑ Sitert etter Lampe 1948, s. 185