Johannes Halvorson Vamberg
Hopp til navigering
Hopp til søk
Johannes Halvorson Vamberg (døypt 23. november 1816, død 9. mars 1857) var frå garden Vamberg i Jostedalen. Han fekkk skøyte på heimebruket i 1842, men tok visstnok ikkje over styringa av garden før i 1851.
Som mange andre lærarar i Indre Sogn hadde Vamberg fått si fyrste opplæring hjå klokkaren i Luster, Einar Jakobson Fet. Etter ei kort tid som lærar i Hafslo, tok han Stord seminar. I 1850 vart han lærar og klokkar i Jostedalen og den fyrste seminaristen i bygda.[1] Jostedal kommune hadde i 1850-åra planar om å kjøpa Vamberg til klokkargard, men dei vart skrinlagde då Johannes Vamberg døydde.<Øvregard m.fl. 2010, s. 216</ref>
Vamberg var ordførar i Jostedalen i åra 1853-1855.
Notar
- ↑ Laberg 1944, s. 81, jf. Øvregard 1996, s. 314f
Litteratur
- Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
- Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
Forgjengar: Christian Bastholm Heltberg |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Ole Christian Rasch |
Forgjengar: Ole Olson Fåberg |
Klokkarar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Hallvard Larson Fåberg |