Lars Tøgerson Kronen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Lars Tøgerson Kronen (døypt januar 1808, død 2. desember 1886) var frå garden Kruna i Krundalen i Jostedalen. Han var soneson til lensmann Lars Tøgerson Snøtun.
Han fekk skøyte på heimebruket etter foreldra sine 25. oktober 1830. Dei budde som kårfolk på garden til mora døydde i 1831 og faren i 1854. Lars R. Kronen var gift to gonger, fyrst 20. juni 1836 med Johanna Andersdotter frå Haugen i Jostedalen som døydde i barselseng 5. juni 1838. Deretter gifte han seg med Kirsti Pedersdotter frå Skildeim i Luster 28. juni 1842. Lars fekk to born i fyrste ekteskapet og åtte i det andre.
Lars T. Kronen var den andre bonden som vart ordførar i Jostedalen, og han hadde ombodet i tre stutte periodar, fyrst i 1846, så i 1857-1858 og 1868-1869.
Litteratur
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
Forgjengar: Michael Sundt Tuchsen Fasting |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Christian Bastholm Heltberg |
Forgjengar: Ole Christian Rasch |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Ole Christian Rasch |
Forgjengar: Ole Christian Rasch |
Ordførarar i Jostedal kommune |
Etterfølgjar: Rasmus L. Faaberg |