Eilert Waldemar Preben Ramm

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. feb. 2014 kl. 15:01 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Utbygging, mellomlagring)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Eilert Waldemar Preben Ramm (fødd 4. mai 1769 i Furnes i nåverande Ringsaker kommune, død 15. mars 1837 i Vang på Hedmarken) var offiser og eidsvollsmann.

Familie

Ramm var son av major Eilert Jørgen von Hadelen Ramm (1720-1793) og Magdalene Wetlesen (1729-1813). Han skal vere fødd på «Lille Håvie» (Hovin?) i Furnes. Han var nest yngst av sju sysken, fødde i tidsrommet 1753-1776 (sjå liste i artikkelen om broren Nicolai Hersleb Ramm). Yngste broren var fødd på Benningstad i Løten i 1776, så Eilerts barneår har vore delt på dei to hedmarksbygdene. Fire av fem gutar i syskenflokken vart offiserar, den femte (Ove William) vantar vi nærare opplysningar om. I 1791 flytta foreldra til Ringnes i Løten, men da var Eilert for lengst byrja i si militærteneste.

Han gifta seg 19. november 1795 med Petronelle Elisabeth Hveberg. Han var da løytnant på Hedmarken. Ho var fødd i Stange i 1778, dotter av prokurator Hans Hveberg og kone Martha Juul. Petronelle Ramm levde til 1864.

Militær karriere

Fyrste militærtenesta hans vi kjenner til var i Danmark, der han var volontør/underoffiser ved Sjællandske lette dragonregiment. Han kom heim att til Noreg og fekk offisers grad (fenrik a la suite), men var framleis i underoffisers stilling (vaktmeister) ved Opplandske nasjonale dragonregiment i 1789. I tidsrommet 1790-1808 var han løytnant skiftesvis ved Midte og Søndre hedmarkske kompani. Han fekk rittmeisters grad (karakterisert) frå 1808, verkeleg rittmeister og sjef for Østre hedmarkske kompani ved same regiment (frå 1811 med det nye namnet Sønnafjelske dragonregiment). Etter nyordninga av hæren 1818 var han rittmeister i Kavaleribrigaden og sjef for Vangske eskadron.