Futar i Sogn
Hopp til navigering
Hopp til søk
Futar i Sogn. Sogn var eitt futedøme det aller meste av perioden frå dei fyrste kjende futane dukkar opp i Sogn på slutten 1400-talet til avskaffinga av futeembetet i 1898. Kring 1630 vart likevel futedømet delt i to, Indre Sogn og Ytre Sogn. Sjølv om dei to futedøma vart samla til eitt embetsdistrikt i 1690-åra, vart namnet Ytre og Indre Sogn hengande att som namn på embetsdistriktet. Så lenge Dale var eige len, hadde lenet eigen fut.
Dei følgjande listene er ikkje fullstendige.
Futar i Sogn (ca 1460-1636))
År | Namn | Merknad |
---|---|---|
Før 1463 | Helge Trulson | Nemnd som tidlegare fut i 1463 |
1484 | Guttorm Tield | Nemnd 1484 – Ein Botolf i tillegg nemnd som strandfut i Utvær |
1520 | Per Islender | Nemnd 1518-1520 |
1530 | Svend Bagge og Truels Iude | |
1541 | Anders Szelandzffar | Nemnd 1541 |
ca 1550 | Brynnill Simensøn | Nemnd 1570 |
1565 | Christopher Anderssen | |
1568 | Christiern Jenson | Nemnd 1568 |
1569 | Peder Tysk | Nemnd 1569 |
1574 | Jens Holst | Nemnd 1574 |
-1592 | Nils Bildt | |
1597 | Christopher Wetzelssen | |
1601 | Engel Jensen | |
1610 | Gjøde Pedersøn | Klagemål 1610 |
1616 | Hans Rasmussen | |
1622 | Simen Nielszen | |
1629/30 | Peder Paasche | |
1629 | Christen Andersøn | Fut i Luster |
1633 | Søfren Lauritssøn | Fut berre i Luster og Lærdal? Budde på Talla i Luster |
1636 | Oluf Nilsen |
Futar i Indre Sogn og Dale len (ca 1639-1692)
Nemnd år | Namn | Merknad |
---|---|---|
1639 | Diderik Busch | |
1648, til 1679 | Christopher Gjertsen | Budde på Flahamar i Luster |
1680-1684 | Peder Ullenberg | |
1686-1692 | Johan Hansøn | Budde på Røneid i Luster |
Futar i Ytre Sogn (ca 1650-1664)
År | Namn | Merknad |
---|---|---|
til 1657 | Iver Andersen | |
1648 | Jacob Christensen | |
1664 | Hans Hansen Brun |
Futar i Ytre og Indre Sogn (ca 1680-1894)
År | Namn | Bustad/merknad |
---|---|---|
1696-1699 | Hans Hansen Blix | |
170?-1725 | Peder Iversen Leganger | |
172?-1733 | Henrik Arnoldus Thaulow | Suspendert 4.2.1732 |
1734-1760 | Ananias Christopher Harberg | Budde i Bjordal (no Høyanger) |
1761-1768 | Hans Leganger | |
1768-1769 | Arne Storch | Konstituert i vakansen |
1769-1781 | Simon Hansen | |
1781-1788 | Joackim Schweder Bang | |
1789-1802 | Jacob Hegelund | Askelund i Balestrand |
1802-1809 | Rasmus Carl Holck | Askelund i Balestrand |
1809-1841 | Rasmus Endresen | Askelund i Balestrand. Suspendert 1837 |
1841-1878 | Johan Winding Landmark | Askelund i Balestrand |
1879-1895 | Hans Henrik Ramm | Askelund i Balestrand |
1895-1898 | Gurvin | Konstituert fram til avviklinga av embetet |
Staten kjøpte Askelund som embetsgard for futen i 1856 og selde han att i 1899 etter at futeembetet var avskaffa.
Kjelder og litteratur
- Liste over futar i Sogn og Fjordane til 1830-åra (udatert, Statsarkivet i Bergen)
- Fladby, Rolf. (1963). Fra lensmannstjener til Kongelig Majestets Foged. Oslo: Universitetsforlaget, s. 196 (liste over futar 1541-1630) (Digital utgåve)
- Holmsen, Andreas. (1937). «Økonomisk og administrativ historie.» I Norske bygder. Sogn (s. 39-103). Bergen: John Griegs forlag, s. 79 (Digital utgåve)
- Laberg, Jon. (1934). Balestrand. Bygd og ætter. Bergen, s. 307-310.
- Urtegaard, Gunnar. (1991). Balestrand. Gards- og ættesoge. Gard nr. 1-34. Gardsoger 1800-1985, ættesoger 1850-1985. (Bd. 2). Balestrand: Balestrand kommune, s. 207-211. (Digital utgåve)
- «Dei første styreformene og fogderia» (Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane)
- Gunnar Urtegaard: «Futegarden på Askelund» (Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)