Futar i Sogn
Futar i Sogn. Sogn var eitt futedøme det aller meste av perioden frå dei fyrste kjende futane dukkar opp i Sogn på slutten 1400-talet til avskaffinga av futeembetet i 1898. I 1635 vart likevel futedømet delt i to, Indre Sogn og Ytre Sogn. Sjølv om dei to futedøma vart samla til eitt embetsdistrikt i 1690-åra, vart namnet Ytre og Indre Sogns fogderi hengande att som namn på embetsdistriktet.
Dale len (Luster) vart utskild frå Bergenhus len i 1565. Frå dette året femnde difor ikkje Sogn futedøme om Luster. Då Dale len vart lagt inn under Bergenhus att i 1614, heldt Luster fram med å ha sin eigen fut. Dette vart utgangspunktet for utskiljinga av Indre Sogn som eige futedøme i 1635.
Dei følgjande listene er ikkje fullstendige.
Futar i Sogn (ca 1460-1633)
År | Namn | Merknad |
---|---|---|
Før 1463 | Helge Trulson | Nemnd som tidlegare fut i 1463 |
1484 | Guttorm Tield | Nemnd 1484 – Ein Botolf i tillegg nemnd som strandfut i Utvær |
1520 | Per Islender | Nemnd 1518-1520 |
1530 | Svend Bagge og Truels Iude | |
1541 | Anders Szelandzffar | Nemnd 1541 |
ca 1550 | Brynnill Simensøn | Nemnd 1570 |
1565 | Christopher Anderssen | |
1568 | Christiern Jenson | Nemnd 1568 |
1569 | Peder Tysk | Nemnd 1569 |
1574 | Jens Holst | Nemnd 1574 |
-1592 | Nils Bildt | |
1597 | Christopher Wetzelssen | |
1601 | Palle Friis(?) | |
1601, 1603 | Engel Jensen (Bang) | |
1605-06, 1610 | Gjøde Pedersøn | Klagemål 1610 |
1607-08 | Maurits Bosted | |
1610-11 | Peder Jenssen | |
1611-1616 | Hans Rasmussen | Hadde òg godset etter Gjøde Pedersen i Sogn |
1616-1619 | Anders Lunde | Hadde òg godset etter Gjøde Pedersen i Sogn |
1620-1629 | Simen Nilssen | Ikkje godset etter Gjøde Pedersen |
1629-1633 | Peder Paasche | Ikkje godset etter Gjøde Pedersen |
Peder Paasche var siste futen som hadde heile Sogn (unnateke Luster). I vakansen etter Paasche viser lensrekneskapane at den avtroppande futen for Dale len, Søren Lauritsen, vikarierte 1633-34, og den påtroppande, Oluf Nilssen, i 1634-35. Dei fekk sjølve Lærdal og Årdal i tillegg til Luster desse to åra, og frå 1635 var Oluf Nilssen fut for heile Indre Sogn medan etterfølgjaren til Paasche, Jacob Jenssen, sat att med Ytre Sogn.
Futar i Indre Sogn og Dale len (1615-1695)
Anders Lauritssen var truleg fut for Dale len også før 1615. Lensherren over Dale hadde lenet kvitt og fritt, difor finst ikkje rekneskapar før det vart lagt inn under Bergenhus i 1614. Futen over Dale fekk utvida embetsområdet både i 1619 og 1633 før det i 1635 omfatta heile Indre Sogn. Skiljet gjekk på nordsida av Sognefjorden mellom Systrond og Norum skipreider, og på sørsida mellom Aurland og Lærdal.
År | Namn | Merknad |
---|---|---|
1615-1626 | Anders Lauritssen | Dale len (Luster), frå 1619 òg godset etter Gjøde Pedersen |
1626-1633 | Christen Anderssen | Dale len og godset etter Gjøde Pedersen |
1633-1634 | Søren Lauritssen | Luster, Lærdal og Årdal skipreider. Budde på Talla i Luster |
1634-1637 | Oluf Nilsen | Luster, Lærdal og Årdal 1634-35, heile Indre Sogn frå 1635 |
1637-1647 | Diderik Busch | |
1648-1679 | Christopher Gjertsen | Budde på Flahamar i Luster |
1679-1685 | Peder Andersen Ulenberg | |
1685-1695 | Johan Hansen Rue | Budde på Røneid i Luster |
Då embetet vart ledig etter Johan Hansen Rue i 1695, fekk futen i Ytre Sogn, Hans Blix, hand om det i tillegg til sitt eige futedøme. Frå det året hadde ytre og indre Sogn same fut att.
Futar i Ytre Sogn (1635-1705)
Då Jacob Jenssen tok over som fut i Sogn 1635, vart Indre Sogn skilt ut og lagt til Oluf Nilsen. Futedømet vart enno i nokre år kalla Sogn len før Ytre Sogn og fogderi kom i bruk (1640-åra).
År | Namn | Merknad |
---|---|---|
1635-1644 | Jacob Jenssen | |
1645-1655 | Jacob Christensen | |
1655-1659 | Iver Andersen | |
1659-1662 | Jørgen Poss | |
1662-1668 | Hans Hansen Brun | Budde på Sande i Leikanger |
1668-1705 | Hans Hansen Blix | Budde på Flejse i Balestrand |
Futar i Ytre og Indre Sogn (1696-1898)
År | Namn | Bustad/merknad |
---|---|---|
1696-1705 | Hans Hansen Blix | Fut i Ytre Sogn frå 1668, fekk Indre Sogn frå 1696 |
1705-1725 | Peder Iversen Leganger | |
172?-1733 | Henrik Arnoldus Thaulow | Suspendert 4.2.1732. Budde i Bjordal i Lavik |
1734-1760 | Ananias Christopher Harberg | Budde i Bjordal |
1761-1768 | Hans Leganger | |
1768-1769 | Arne Storch | Konstituert i vakansen |
1769-1781 | Simon Hansen | Avsett på grunn av vrakplyndring. Budde i Alværa i Lavik |
1781-1788 | Joackim Schweder Bang | |
1789-1802 | Jacob Hegelund | Askelund i Balestrand |
1802-1809 | Rasmus Carl Holck | Askelund i Balestrand |
1809-1841 | Rasmus Endresen | Askelund i Balestrand. Suspendert 1837 |
1841-1878 | Johan Winding Landmark | Askelund i Balestrand |
1879-1895 | Hans Henrik Ramm | Askelund i Balestrand |
1895-1898 | Gurvin | Konstituert fram til avviklinga av embetet |
Staten kjøpte Askelund som embetsgard for futen i 1856 og selde han att i 1899 etter at futeembetet var avskaffa.
Kjelder og litteratur
- Futerekneskapar for Sogn i lensrekneskapane for Bergenhus til ca 1629 og ca. 1629-ca. 1646 (Digitalarkivet)
- Arkivkatalog for Sogn futedøme 1666-1898 (Arkivportalen)
- Liste over futar i Sogn og Fjordane til 1830-åra (udatert, Statsarkivet i Bergen)
- Holmsen, Andreas. (1937). «Økonomisk og administrativ historie.» I Norske bygder. Sogn (s. 39-103). Bergen: John Griegs forlag, s. 79 (Digital utgåve)
- Fladby, Rolf. (1963). Fra lensmannstjener til Kongelig Majestets Foged. Oslo: Universitetsforlaget, s. 196 (liste over futar 1541-1630) (Digital utgåve)
- Reksten, Erling. (1979). Krongodssalg og embetsstand i Bergenhus len/Bergen stiftamt i 2. halvdel av 1600-tallet. Oslo, appendiks s. 120-122 og 128-131 (liste over futar ca 1650-1700). (Digital utgåve)
- Laberg, Jon. (1934). Balestrand. Bygd og ætter. Bergen, s. 307-310.
- Urtegaard, Gunnar. (1991). Balestrand. Gards- og ættesoge. Gard nr. 1-34. Gardsoger 1800-1985, ættesoger 1850-1985. (Bd. 2). Balestrand: Balestrand kommune, s. 207-211. (Digital utgåve)
- «Dei første styreformene og fogderia» (Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane)
- «Futegardane i Bjordal og Alværa» (Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane)
- Gunnar Urtegaard: «Futegarden på Askelund» (Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)