Sandeid kommune
Hopp til navigering
Hopp til søk
Sandeid kommune, Ryfylke i Rogaland, vart etablert i 1923. Soknet Sandeid, med 665 innbyggjarar, vart då skild ut frå Vikedal. Sandeid var eigen kommune til 1965, då storkommunen Vindafjord vart danna. Forutan Sandeid gjekk kommunane Imsland, Vikedal, Vats og delar av Skjold inn i Vindafjord.
Den kommunale verksemda
Nynorsk var offentleg tenestemål og hovudmål i skulane i bygda. På 1950-talet hadde Sandeid to skulekrinsar.
Kjelder og litteratur
- «Sandeid», i Norsk Allkunnebok : IX. bandet, Oslo 1959.
- «Sandeid – sogn» i Store norske leksikon