Hellandvegen (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. jul. 2022 kl. 15:39 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hellandvegen sett vestover.
Foto: Roy Olsen (2016).

Hellandvegen i i Midt-Telemark kommune går austover frå Gamleveg til Folkestadvegen i Bø sentrum.

Vegen er om lag 300 meter lang og blei opparbeidd frå 2000 til 2001. Han går bak forretningsbygga langs nordsida av Bøgata, gjennom eit område prega av parkeringsplassar. Fram til vegen fekk offisielt namn i 2002 blei han kalla «Avlastningsvegen».

Vegen er kalla opp etter felemakarætta Helland som fostra 14 felemakarar over ei periode på nestan 200 år.

Kjelder

  • Kartverket: norgeskart.no
  • Kommunestyreprotokoll 2001.
  • Utval for teknisk, sak 029/02.


Koordinater: 59.41474° N 9.06498° Ø