Sørsamisk drakttradisjon
Hopp til navigering
Hopp til søk
Den sørsamiske drakttradisjonen hører, som sørsamisk kultur generelt, heime frå sørlige deler av Hemnes/Storuman/Lycksele kommunar og sørover. Mot nord grensar den sørsamiske drakttradisjonen mot umesamisk drakttradisjon. Typiske trekk for sørsamisk drakttradisjon inkluderer V-opning i både kvinne- og mannskofter; barmklede med tinntrådsbroderi; mannskofter med ståande krage og, ofte men ikkje alltid, heil opning framme. Den sørsamiske drakttradisjonen hører med til ein meir generell vestsamisk tradisjon som òg inkluderer umesamisk, pitesamisk og sørlig lulesamisk drakttradisjon.