Vossestrand kommune
Vossestrand, lokalt kalla Stronde, er eit prestegjeld og ein tidlegare kommune i Hordaland. Prestegjeldet vart oppretta i 1865, da det vart utskilt frå Voss. Berre tre år seinare vart Vossestrand og eigen kommune. I 1964 vart Vossestrand igjen ein del av Voss kommune, saman med Evanger.
Stronde er ei gammal nemning på sokna Oppheim og Vinje, fyrst nemnd i 1398. Vossestrand vart laga som namn da prestegjeldet vart danna i 1865.