Forbergvegen
Forbergvegen i Bø i Midt-Telemark kommune tar av nordover frå Seljordvegen ved Glenna og går vestover innunder Forbergåsen til Forberg nordre. Der dreier han sørover og går tilbake til Seljordvegen.
Vegen har namn etter Forberg-gardane og blei namnsett i 1988. Han er 2,7 km lang og for det meste utan fast dekke. Det ligg mange gardar til vegen som går i jordbrukslandskap.
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no