Prestegardsvegen (Sauherad)
Prestegardsvegen på Sauar i Midt-Telemark kommune går nordvestover frå Sauheradvegen og ender ved garden Roligheta (gnr. 49/8).
Vegen er snaut ein km lang og fekk namn etter Prestegarden i 2009. Før det het vegen Kirkevegen, eit namn han fekk i 1999 etter Sauherad kyrkje som ligg attmed vegen.
Kjelder
- Kartverket: Norgeskart
- Sauherad kommune: Utvalg for næring, plan og teknikk, 23. februar 2009.
- Arbeidsliste veg Bø-Sauherad: 377639_1_A.pdf