Sandamoen (veg i Bø i Telemark)

Sideversjon per 22. des. 2022 kl. 16:17 av Rool (samtale | bidrag)

Sandamoen i Øvre Bø i Midt-Telemark kommune er ein veg som går i boge sørøstover frå Seljordvegen ved Sanda. Han kryssar Garvikvegen og endar ved Seljordvegen ved Moen, men er stengd her for kjøyring med motorvogn. Han er omlag ein kilometer lang.

Sandamoen sett sørover frå Garvikvegen.
Foto: Roy Olsen (2017).

Vegen har namn etter området Sandamoen, og blei namnsett i 1991.

  • Nr. 2: Sanda skule, bygd i 1915
  • Nr. 6: Sanda (gnr. 31/2)

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.


Koordinater: 59.41908° N 8.90343° Ø