Hjartdalsvegen (Hjartdal)

Sideversjon per 12. nov. 2021 kl. 16:17 av Rool (samtale | bidrag) (Oppretter side.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Hjartdalsvegen i Hjartdal kommune går vestover frå Finnebråten som fortsetjing av Saulandsvegen og som ein del av E134. Ved vestenden av Hjartsjåvatnet i Gvammen, tar han av frå europavegen og fortsett som ein del av fylkesveg 3420 til kommunegrensa mot Seljord.

Hjartdalsvegen sett austover frå krysset med Opsalvegen i Gvammen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Vegen er 13,3 km lang, derav er 4,5 km europaveg og 8,8 km fylkesveg. Han har namn etter bygda Hjartdal og vart namnsett i 2011.

Kilder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Hjartdal kommune: Vegoversikt pr 31 05 2011.pdf


Koordinater: 59.61561° N 8.79007° Ø