Mathias P. Lien
Mathias P. Lien var født 1872 i Sy Lie på Lesjaskogen og døydde 1899) i Minneapolis, Minnesota. Han starta som bygdefotograf på Lesjaskogen tidleg, kanskje rett etter han var konfirmert, for det er funne eit foto etter han som må vere teke kring 1885-86. Han gjekk i lære hos fotograf Lars N. Sødahl på Veblungsnes i to år før han starta for seg sjølv. I 1897 emigrerte han til Nord-Amerika og etablerte seg som fotograf i Minnesota, men der døydde han berre to år seinare av blodforgifning etter å ha skore seg under barbering.
I 1979 leverte familien i Sy Lie ein del arkivsaker og fotografiske glasplater etter verksemda hans til De Sandvigske Samlinger på Maihaugen. Ei detaljert rekneskapsbok (eigentleg ei kassadagbok der alle utgifter og inntekter er ført fortløpande) frå åra 1892-94 gir verdfull informasjon om aktiviteten til ein omreisande bygdefotograf på denne tida.
Det er òg samla inn nokså mange bilde teke av Lien frå heimane i bygda, i samband med bygdebokarbeidet.
Sjå òg:
- Bilder av Mathias P. Lien på lokalhistoriwiki.no
Kjelder og litteratur
- Arnfinn Kjelland: Mathias P. Lien. I Kjelland, Arnfinn og Tor Einbu [] 2008: Bygdebok for Lesja bd. 4. Foto og fotografering i Lesja og av lesjingar 1850-1950 s. 223-229.
- Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
- Mathias P. Lien på Digitalt museum.
- Mathias P. Lien på KulturNav