Kjeldearkiv:Volda fær sitt orkester

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. nov. 2009 kl. 08:48 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: Volda hev merkeleg nok ikkje hatt noko fast orkester fyrr. Der er fleire flinke spelmenn, og nokre av desse hev slutta seg til det orkesteret som av og til hev vore i gang ved [[Skulestaden...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Volda hev merkeleg nok ikkje hatt noko fast orkester fyrr. Der er fleire flinke spelmenn, og nokre av desse hev slutta seg til det orkesteret som av og til hev vore i gang ved lærarskulen. I fleire år hev ein ogso hatt ein trio, som hev vore til mykje hugnad i mange høve.

Nyleg gjorde overlærar Geitvik, lektor Øverlid, gbr. Trygve Vassbotn, fotograf J. Nerbøvik og handelsfullmektig Jon Steinsvik upptaket til å få skipa eit «Volda orkester». Til no hev det meldt seg 22 mann. Og fredag kvelden hadde dei skipingsmøte. Til formann vart vald J. Nerbøvik, forretningsførar vart J. Haugen. Elles er Per Enge, Jon Steinsvik og O. Øverlid med i styret. Det er meininga å byrja med Benjamins symfonietta. Styret skal peike ut dirigent, kapellmeister og andrekapellmeister.

Kjelde

  • Sunnmørsposten 15.10.1934 s. 3