Høgkringom
Hopp til navigering
Hopp til søk
Høgkringom, ofte kalla Kringen, er ei li i Sel kommune. Staden ligg eit par kilometer sør for Otta, på austsida av Gudbrandsdalslågen. Det er kjend som staden der skottetoget vart stoppa i slaget ved Kringen i 1612.
Eit jordskred under storofsen i 1789 endra landskapet kraftig. Minnesmerket over slaget, Sinclairstøtta, er flytta frå slagstaden til den noverande hovudvegen, E6.
Stadnamnet kjem frå gardnamnet Kringen eit kort stykke nord for Høgkringom.