Fimreite skule
Hopp til navigering
Hopp til søk
Fimreite skule i Sogndal kommune tilhøyrde Fimreite skulekrins, og stod ferdig bygd i 1923. Før skulen på Fimreite stod ferdig i 1923 blei lokaler til skulen leidge hjå private bustadhus. Det siste dømet på det var før 1923 då skulen blei halden i ei kårstove som tilhøyrde Per Jonson. Det var av Jonson heradstyret kjøpte tomt av i forbindelse med bygginga av det nye skulehuset som blei bygd.
Det vart halde skule i skulehuset fram til 1987, då vart elevane flytt til Lomelde. Då Fimreitevegen sto ferdig i 1994 vart elevane overførte til Trudvang krins.
Skulehuset
Andre bruksområde
Skulehuset vert no nytta som grendehus.
Kjelder og litteratur
Prenta kjelder
Jakobsen, Kjell (2016) . Skulehusi i Sogndal kommune. So han sa, 2016 årgang 17, s. 15.