Arthur Berby
Hopp til navigering
Hopp til søk
Arthur J. Berby (1892-1977) vart landskjend då han som ein av leiarane i fagrørsla i Grenland vart arrestert og dømt i samband med dei fyrste demonstrasjonanen under Menstadkonflikten i 1931. Berby hadde vore aktiv i både ungdomsrørsla og den faglege samorganisasjonen i Skien. Han stifta og var leiar i ei rekkje fag- og partiforeiningar, m.a. Herøya Arbeiderforening frå stiftinga i 1929 til 1932.
I 1993 fekk Arthur Berby ein veg oppkalla etter seg i industriparken på Herøya i Porsgrunn. Vegen vart fjerna då det skjedde utbyggingar i industriparken i 2010. Vegnamnet "Arthur Berbys vei", vart samstundes sletta.[1]
Arkiv
- Arkivet etter Arthur Berby er ordna ved Arbeiderbevegelsens arkiv i Telemark. Oversikta over arkivet kan studerast på lenka til arkivportalen.
Eksterne lenker
- "Arthur Berbys erindringer". Lenke til digital utgåve på Porsgrunn bibliotek sine nettsider.
- Møte med Arthur Berby, arbeidsleder og politiker i 1930-årene. Han forteller om arbeidsvilkår, om fagforeninger, streiker, Menstadslaget og om sine år som kommunepolitiker. Programleder er Bjørn Honerød. Lenke] til digital utgåve på NRKs nettsider.
Referansar
- ↑ Lenke til artikkel i Porsgrunns Dagblad, 29. mars 2010. (Lest 31. januar 2018, kl. 17.45.)
Kjelder
- Andersen, Aud Sandaaker (red.), Glimt fra arbeiderbevegelsens historie i Telemark : LO 100 år 1899-1999, Skien : LOs distriktkontor i Telemark, 1999. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.