Vatnarvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. jan. 2020 kl. 01:31 av Rool (samtale | bidrag) (Endret kommune.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vatnarvegen i i Midt-Telemark kommune går nordover som framhald av Folkestadvegen i krysset med Lifjellvegen ved Tjønntveit, til kommunegrensa mot Notodden ved Reskjemvatnet på Reshjemheia.

Vegen er 12600 m lang og fekk namn etter Vatnargardane i 2019. Ved Breiva kryssar vegen Åseåa på Høgkåsfossbrua, og ved Vatnar skule kryssar han Lonåa på Lonabrua. Vatnarvegen er ein del av Fv 3330.

Tidlegare het vegen Reshjemvegen, og han blei offisielt namnsett i 1991. Årsakå til namneendringa var at i Bø og Notodden starta eigedomsnummereringa i kvar sin ende og møtter på midten. Dette gav fleire like adresser i dei to kommunane, så for å hindre mistydingar, endra Bø vegnamnet på si side.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Bø formannskaps møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.
  • Bø kommune, Teknisk eining: Notat om: Referat frå møtet med vegnamnnemnda 20.03.18.


Koordinater: 59.44515° N 9.07171° Ø