Pantalon (instrument)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Auksjonsannonse over Kiøbmanden Sr: Pløen i Nordske Intelligenz.-Sedler 7. juli 1773.

Pantalon, òg sjeldnare skrive pantaleon, er eit strengeinstrument av hammartypen der strengene ikkje har nokon dempemekanisme. Instrumentet vart oppfunne kring 1700 av den tyske musikaren og komponisten Pantalon Hebenstreit (1668–1750), da som ein dulcimer med fleire hundre strenger, dels metallstrenger og dels tarmstrenger. Instrumentet vart spela med to baguettes (hamrar). I løpet av dei neste tiåra vart det laga mange versjonar av instrumentet, og etterkvart kom versjonar med klaviatur til å bli vanlegare. I Noreg veit vi om at ein pantalon vart tilboden på auksjon etter Kiøbmanden Sr: Pløen i Kongens Gade i Christiania i juli 1773.

Kjelder