Myklemyr skule
Hopp til navigering
Hopp til søk
Myklemyr krins er ein nedlagd skulekrins og skule i Jostedalen i Luster kommune. Krinsen vart skipa midt på 1800-talet då dei to tidlegare skulekrinsane i Jostedalen vart delte i fem. Myklemyr var den sørlegaste krinsen i Jostedalen og femnde om området frå bruket Husøy ved kommunegrensa mot Luster i sør til Fossøygjelet i Nord. Det vil seie matrikkelgardane Myklemyr, Ormberg og Fossen unnateke Fossøyane.