Kulturminneområdet kring Lesjaskogskyrkja
Hopp til navigering
Hopp til søk
Øverlismoen er eit området like vest for Strande på Lesjaskog, der det er samla mange kulturminner innafor eit nokså lite område.
Ein finn i alle fall:
- Lesjaskog kyrkje, bedriftsskyrkje frå 1697 for Lesja jernverk
- Lesjaskog kornmagasin
- Kyrkjestugu
- Kyrkjebakken
- Minnesteinane
- Sigurd Einbu-bautaen
- Skulemuseet i Lisser
- Tandseterstugu
- Låven frå Fjellstad
- «Kortbordet» i Lisser
- Mange spor etter bombinga i 1940
- Kvilarsteinen i Lissersvingen
- Den «gamle kongeveg» gjennom Lesja
- Mølmen hotell med tilliggande Magasinhaugen, Tennisbanen på Mølmen hotell og Fantstugu, Mølme
- Fleire minne etter kolbrenning frå jernverkstida
Området er under tilrettelegging for oversynsskilt og skilt ved kvart kulturminne. Desse skal berre ha namna på kulturminnet og ein QR-kode som viser til omtalen her på lokalhistoriewiki. Lesjaskog skule deltek i prosjektet, som har fått økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen DNB.