Gymnasbakken
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gymnasbakken i Bø i Midt-Telemark kommune går nordover frå Bøgata ved Gamleveg til Oterholtvegen i krysset med Prestevegen.
Den omlag 550 m lange vegen har namn etter Landsgymnaset, eller «Telemark offentlege landsgymnas og Bø statsrealskule» som var det offisielle namnet (1954-64). Seinare blei namnet korta ned til Bø gymnas, og i 1980 endra til Bø vidaregåande skule.
Da vegen var ny, fekk han det uoffisielle namnet «Nyveg», og etter kvart blei han på folkemunne óg kalla «Bedehusbakken», etter Bø bedehus som ligg i vegen som nr. 55.
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Bø vidaregåande skule: Skulens historie