Hegnunvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. jan. 2020 kl. 18:14 av Rool (samtale | bidrag) (Endret kommune.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Parti frå Hegnunvegen med uthuset til plassen Hegnun til venstre.
Foto: Roy Olsen (2017).

Hegnunvegen i i Midt-Telemark kommune går sørvestover frå Folkestadvegen til Valenvegen.

Vegen er om lag 2,6 km lang og går for det meste i skogsterreng. Den passerer også gjennom det store Hellestad sandtak. Namnet har vegen etter husmannsplassen Hegnun under Valen. Fram til 1991 het vegen Djupegropvegen, da blei namnet endra til Hegnunvegen.

Det budde folk i Hegnun fram til 1984, da huset brann ned. I dag står berre eit uthus att. Plassen låg oppi bakkane, snaut 200 m nordvest for husestaden på Hvalen.

Kilder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Bøsoga, Gards- og ættesoga band IV ved Stian Henneseid, s. 121.
  • Teknisk utval, sak 161/90.
  • Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.


Koordinater: 59.44049° N 9.07530° Ø