Vallarvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. nov. 2021 kl. 00:49 av Rool (samtale | bidrag) (Oppretter side.)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vallarvegen sett nordover ved Lakshøl Bruk.
Foto: Roy Olsen (2018).

Vallarvegen (E134) i Seljord kommune går nordover frå Bygdaråvegen i krysset med Manheimstrondi ved Bjørge og fylgjer Vallaråi på austsida til Mælefjelltunnelen. Dette var tidlegare den søndre delen av Flatdalsvegen.

Vegen er 4 km lang fram til tunnelen, og 11 km lang til kommunegrensa inne i tunnelen. Han har namn etter staden Vallar som ligg nær startpunktet ved Bjørge.

Anleggsarbeidet med den 9,3 km lange Mælefjelltunnelen mellom Århusmoen i Seljord og Gvammen i Hjartdal starta opp i april 2013, og den 19. desember 2019 vart han opna for trafikk. Totalkostnad var 2 milliardar kroner.

Kjelder


Koordinater: 59.48936° N 8.64419° Ø