Sandvinvegen
Sandvinvegen i Bø i Midt-Telemark kommune går frå Folkestadvegen ved Sandvin til same veg 200 m før den gamle Folkestadbrua.
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Sandvinvegen-1.jpg&width=400)
Sandvinvegen sett nordvestover.
Foto: Roy Olsen (2017).
Vegen fekk namn etter Sandvin ungdomshus i 1996, er om lag 620 m lang og går over i gang- og sykkelveg. Dette var ein del av Fv 152 før omleggjinga i 1998. Den blei gjort kommunal i 2012.