Tjønnåsvegen (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. jan. 2020 kl. 00:31 av Rool (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Tjønnåsvegen med tidlegare Tjønnås stasjon til høgre.
Foto: Roy Olsen (2017).

Tjønnåsvegen i i Midt-Telemark kommune går søraustover frå Lundevegen i krysset med Uvdalvegen til kommunegrensa mot Nome kommune ved tidlegare Tjønnås torvstrøfabrikk, der han fortsett som Norheimvegen.

Vegen er omlag 1,3 km lang, har namn etter garden Tjønnås (gnr. 62/17) og blei namnsett i 1991. Fyrste del av vegen går i eit område med bustadhus, vidare gjennom skog. Dette var tidlegare ein del av hovudvegen mellom Bø og Lunde og er ein del av Fv 104.

I nr. 34 dreiv Knut H. Firingen Tjønnås landhandel frå 1937 til 1964. Ny eigar var «Østlandets en gros» som heldt på til 1970.
Nr. 55 er tidlegare Tjønnås stasjon som blei opna i 1925, gjort ubetjent i 1967 og nedlagd i 2005. NSB selde stasjonsbygningen i 1987.

Kjelder

  • Kartverket, norgeskart.no.
  • Bøsoga, Gards- og ættesoga band I ved Stian Henneseid. Bø kommune 1982.
  • Formannskapets møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.


Koordinater: 59.38266° N 9.04129° Ø