Vatnarvegen

Sideversjon per 24. mai 2020 kl. 00:48 av Rool (samtale | bidrag) (Lagt til bilde.)

Vatnarvegen i i Midt-Telemark kommune går nordover som framhald av Folkestadvegen i krysset med Lifjellvegen ved Tjønntveit. Ved kommunegrensa mot Notodden ved Reskjemvatnet på Reshjemheia går han over i Reshjemvegen.

Vatnarvegen med nr. 670, Lonar (gnr. 15/23) og Reshjemvegen 673, Bjørklund (enebolig).
Foto: Roy Olsen (2018).

Vegen er 12,6 km lang og fekk namn etter Vatnargardane i 2019. Ved Breiva kryssar vegen Åseåa på Høgkåsfossbrua, og ved Vatnar skule kryssar han Lonåa på Lonabrua. Vatnarvegen er ein del av Fv 3330.

Tidlegare het vegen Reshjemvegen, og han blei offisielt namnsett i 1991. Årsakå til namneendringa var at i Bø og Notodden starta eigedomsnummereringa i kvar sin ende og møttes på midten. Dette gav fleire like adresser i dei to kommunane, så for å hindre mistydingar, endra Bø vegnamnet på si side.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Bø formannskaps møteprotokoll 15. januar 1991, sak nr. 4.
  • Bø kommune, Teknisk eining: Notat om: Referat frå møtet med vegnamnnemnda 20.03.18.


Koordinater: 59.44515° N 9.07171° Ø