Sigurd Eldegard
Sigurd Eldegard (fødd 1866 i Årdal, død 1950) var forfattar og skodespelar. Han var mellom anna skodespelar ved Nationaltheatret og teatersjef på Det norske teatret 1918–20.
Familie
Sigurd Eldegard var son av Sjur Ingebrigtsson Eldegard (f. 1835) og Johanne Jørgensdotter Eldegard (f. 1837). Han vart døypt Sjur, men tok seinare namneforma Sigurd. Han var gift med Mathilde Fredrikke, født Wettre (1871-1958). Paret fekk fire born.
Liv og verke
Eldegard debuterte 24. oktober 1891 på Christiania Theater som Thorolf i Henrik Ibsens Hærmendene på Helgeland. Han var ved Christiania Theater i seks år, deretter var han to år ved Fahlstrøms teater, så ved Laviks Sekondteater. Seinare gjekk han til Nationaltheatret hvor han var resten av karrieren, med unntak av årene 1918-1920, da han var teatersjef på Det norske teatret.
Sigurd Eldegard skreiv óg mange skodespel og bøker. Mest kjend er nok Fossegrimen, som hadde stor suksess på Nationaltheatret i 1903.
Ettermæle
Sigurd Eldegard er gravlagd i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Litteratur og kjelder
- Sigurd Eldegard i Historisk befolkningsregister.
- «Sigurd Eldegard. 40-års jubileum som skuespiller». Aftenposten 1931.10.23. Digital versjon på Nettbiblioteket.