Oterholtvegen
Oterholtvegen i Bø i Midt-Telemark kommune går nordover som framhald av Gymnasbakken i krysset med Prestevegen, kryssar Bøelva på Oterholt, og endar i krysset med Livegen og Vreimsida. Han er om lag 1,9 kilometer lang og er ein del av fylkesveg 3334 (tidlegare fv 155).
![](/thumb.php?f=B%C3%B8%2C_Oterholtvegen-1.jpg&width=400)
Vegen har namn etter det gamle handelssenteret Oterholt og blei namnsett i 1967.
Frå gamalt av har det vore bru over Bøelva frå Oterholt-sida til Sisjord-sida. På Oterholt-sida voks det fram eit lite bygdesenter frå midten av 1850-talet og framover. Staden blei omtala som «ved Oterholt-brua». Noko seinare kom også nemninga «Tatergata» i bruk. Det var mykje framandfolk her og tatarar slo leir. Etter 1900 tok nåverande Bø sentrum til å vekse, og området ved Oterholt-brua kom meir i bakleksa etter kvart. Seinare gjekk nemninga for staden over til å bli «på Oterholt», igjen eit gardsnamn som har gjett namn til ein «tettstad».
Kjelder
- Kartverket: norgeskart.no
- Opplysningar frå Finn Rønning ved Bø Museum.